Styret i todalen.no har vedtatt at utsett årsmøte blir avholdt i Todalen Ungdomshus, onsdag 13. mai 2020, kl. 19-20. Her blir det i tråd med alle smittevernsreglar og dialog med kommuneoverlege Buan god avstand mellom dei frammøtte, antibac, inga servering og digital framvisning av alle dokument. -Eit årsmøte i Todalen.no har aldri samla meir enn 15 deltakarar, så gjennomføring vil gå både effektivt og i trygge rammer, forsikrer styreleiar Stig Husby.
Saklista er som tidlegare annonsert:
- Godkjenning av innkallinga (med nedtegnelse av oppmøtte medlemmer)
- Godkjenning av styrets forslag til årsmelding og årsregnskap
- Fastsetting av medlemskontingent for 2021
- Valg:
- Ein representant til å signere møteprotokoll
- Styreleiar for eitt år
- 2 styremedlemmer for to år
- Revisor for 2020
- Medlem til valgkomitén for 2 år
- Behandling av sak(er) som medlemmer har krevd å få behandla
- Gjennomgang av statistikk og orientering om små og store hendingar i 2019
Etter årsmøtet (ca kl 20) blir det som tidligere nemnt eit enkelt infomøte for å rekruttere nye skribenter på nettstaden. Styret oppfordrar kandidatar som har lyst til å høyre meir om kva som skal til for å bli ein redaktør/bidragsytar på nettstaden om å møte opp for ein gjennomgang.
Les mer om det her: Behov for fleire redaktørar