8 foreningar i Surnadal har gått saman og kjøpt inn ein celletelllar til Surnadal legesenter. Ein celletellar er eit apparat til telling av blodcellene. I løpet av sekunder kan ein celletellar kvantitere raude celler, hvite celler og blodplater i ein blodprøve, og videre uttrykke undergrupper av hvite blodceller i prosent eller absolutt antall av hver type. Dette gjer kvardagen for til dømes kreftramma i Surnadal mykje enklare. Alle som skal få cellegiftkur må nemleg ha dagsferske prøvar av dei kvite blodlegema. Og er ikkje verdiane gode nok, får ein demed ikkje kuren. Tidlegare har pasientane derfor måtte returnere heimatt utan å få cellegiftkuren på Orkanger eller Trondheim. No slepp dei bomturen, og ikkje minst påkjenninga av ein slik tur.
Initiativtakaren til denne dugnadsgaven til Surnadal Legesenter er Brit Holte i Bondekvinnelaget. Ho tok kontakt med fleire aktuelle bidragsytarar før jul i fjor, og på ein, to, tre vart celleteljaren bestilt til legesenteret. Ingen seier nei til å kunne bidra med noko slikt, smiler ho.
Legane og dei andre tilsette ved Surnadal Legesenter set umåteleg stor pris på denne gaven, og gler seg til å kunne ta den i bruk. Apparatet er særdeles effektivt. På rundt tre minutt er prøvane klare og kan brukast i i fleire høve, ikkje berre for kreftpasientar, fortel bioingeniør Tone Haugen Nordvik. Prøvane av denne modellen gir heile 19 ulike analysar, som vil gå rett inn i pasientens sin journal. Ved spørmål om andre som ikkje er heimehøyrande til Surnadal kommune kan få komme til Surnadal Legesenter å ta prøvar, bifell lege Atle Aune dette.
Med seg på laget til å støtte denne nyinvisteringa til omlag 60 000 kroner er:
- Surnadal Bygdekvinnelag
- Åsskard Bygdekvinnelag
- Øvre Surnadal Bygdekvinnelag
- Todalen Sanitetsforening
- Øvre Surnadal Sanitetsforening
- Torvik Sanitetsforening
- Surnadal Demensforening og Helselag
- Åsskard Helselag
Foreningane gir celleteljaren i gave til Surnadal Legesenter, og legesenteret tek seg fortløpande av forbruksmateriell og vedlikehald.
På hovedbildet er følgande damer representert, med organisasjon i parantes: frå venstre Inger Lise Heggem (Åsskard Helselag), Liv Botten (Surnadal demensforening og helselag), Randi Lysø (Torvik Sanitetsforening), Ingrid Pedersen (Todalen Sanitetsforening), Jorunn Fiske Pedersen (Øvre Surnadal Bygdekvinnelag), Serine Heggset (Surnadal Bygdekvinnelag), Janne Svendsli (Åsskard Bygdekvinnelag), Margit Fugelsøy og Jorunn Rindal (Øvre Surnadal Sanitetsforening), Brit Holte (initiativtakar og Surnadal Bygdekvinnelag), lege Atle Aune og bioingeniør Tone Haugen Nordvik.