I dag har nesten 100 000 frivillige gått med innsamlingsbørser for den årlege TV-innsamlingsaksjonen. I år går innsamla midler til Kirkens bymisjon, og deira prosjekt «Mindre alene sammen» som skal arbeide for å skape eit varmere og meir inkluderande samfunn.
I Surnadal kommune har det i ettermiddagstimane vore 89 frivillige rundt om i alle grendene kan aksjonsleiar Anne Lise Wullum fortelle. -Folk i alle aldrar har vore med i denne store dugnaden i dag, og dei har alle saman vorte møtt med positivitet og givarglede. Vi merker nok at Vipps er lettvindt alternativ til kontantane, så børsene var nok ikkje riktig like tunge som tidlegare år, men vi håpar på eit godt resultat for det.
Ekstra stas var det at handballgruppa i Surnadal IL uoppfordra kom og tok med seg to børser til dagens kampar i idrettshallen, fortel Anne Lise. -Og det ruskete vêret gjorde at bøssebærarane tok seg god tid inne hos Surnadal Sparebank og slo av ein prat med dei andre som deltok.
Hovedbildet viser Siri og Selma som var på tur i Todalen i lag med eit knippe til. Dei tykte det var ein fin aksjon å delta for. Og fekk du ikkje besøk slik at du fekk gi eit bidrag i dag er det fortsatt rå for å bidra:
- Vipps valgfritt beløp til 2133
- Ring 822 06 006 og du belastes 250 kr