Det er nok mange i lesarkretsen som har fått si utdanning på Nordmøre husmorskule. Einar Oterholm har samla historia til skulen mellom to permar, i boka «Historia til Nordmøre Husmorskule» har han samla 157 sider med historie og gamle minner frå skulen i tidsrommet 1921 til 1977. Fredag 15. desember frå kl 10.30 og utover, vil forfattaren være på plass på Matkroken Todalen for salg og signering av boka.
Boka er rikt illustrert med bilder frå skulens albumar som berga unna brannen ved skulen. Mellom anna er alle skulebilete i dette tidsrommet med i boka, og den er også krydra med mange gode historier frå dagleglivet på skulen.
Forfattaren har forøvrig vore produktiv på bokfronten det siste året, og han har nok fleire bøker i kofferten når han kjem til Todalen komande fredag. Vi kan nemne boka «Klevsetsjyn og Plassasjyn – Historie og båtar» som er historia om dei to båtbyggeria på Klevset i Skålvikfjorden. Elles har han og skrive historia til Halsa Kirke, som er kome i hefteform på 52 sider.