Onsdag 31. juli blir det storstila feiring på Matkroken Todalen – eller Halsbua i daglegtale. Da har handelsmann Nordvik sin siste arbeidsdag som kremmar og da er det dagen for Jorid H. Ansnes til å ta over drifta. Terje N. blir da pensjonist på heiltid etter 58 år som enten medeigar eller drivar, og denne dagen inviterer han altså heile bygda og fleire til på kaffelag.
Etter eit så langvarig engasjement vil han feire at han no bli pensjonist, og har engasjert Todalen sanitetsforening til å sørge for servering av kaffe og kaker og sjølvsagt graut og bakels. Da kjem det til å bli servering både ute og inne heile dagen – og i tilfelle det blir regn så blir det sett opp eit stort telt – John Moe er teknisk sjef for å organisere partytelt innafor butikken i tilfelle. Terje gler seg på feiringa, og håpar at mange stikk innom og blir med på «kaffekalaset» som er planlagt frå kl. 10-17 denne dagen.
Jorid tek over
Men vi feirar ikkje berre at Terje N blir pensjonist på heiltid denne dagen – vi feirar også at Jorid tek over roret denne dagen – i første omgang for eit prøveår, men intensjonen er å drive butikken vidare i eigen regi. I ei bygd med knappe 300 innbyggarar kan det bli nokre tøffe tak, så ho treng all muleg støtte frå heile bygda. Elles kan det gå her som det har gått i fleire av nabobygdene. Men frå 1. august blir det altså Jorid som styre butikken, saman med ein godt innarbeidd gjeng – Marit Tørset, Mari Redalen og Tonje Kinderåas.
Litt kortfatta historikk gjennom 112 år
Butikken vart starta på Todalsøra i 1912 av Lars Hals som var gift med Ingeborg som var søster til Edvard Nordvik. Lars Hals døde i ei bilulykke i 30 åra, og frå da av vart butikken driven av sonen Johan Hals og Edvard Nordvik. Firma vart da L. Hals Eftf. Edvard, som var far til Terje N, døde da Terje var berre 13 år, og da fekk Terje testamentert farens eierandel (50 %) frå 1966. Det var da mora Laura N. som saman med Johan Hals (som var butikksjef) dreiv butikken vidare. – Og slik vart butikken driven i heile ungdomstida til Terje.
Terje N har altså eigd butikken 50 % frå 1966 til 1983. I 1983 kjøpte han ut eigardelen til Johan Hals, som da ville bli pensjonist, – og eigde da butikken 100 % åleine. Terje starta sommaren 1983 med å byggja ny butikk på Kvendset. Den vart opna den 29. mars 1984. Terje var på den tida vekependlar til arbeid i Trondheim, men var heime kvar helg til han i 1991 flytta permanent til Todalen.
I januar 1985 vart Ragnar Halle tilsett som «butikkdreng» med dagleg ansvar med å ta seg av den daglege drifta, men dei siste 23 åra har Terje N hatt sitt hovudvirke på butikken.
Økonomien i butikkdrifta har vore litt opp og ned gjennom dei 112 åra. – Å driva nærbutikk i dag er ikkje enkelt, men Halsbua har klart å halde hovudet over vatnet. Takka vere god hjelp og støtte frå Merkurprogrammet, har vi dag ein relativt oppdatert og moderne butikk- og drivstoffanlegg på Kvennset.
Glad for at Jorid tek over
Terje er svært glad for at Jorid Haugen Ansnes no vil driva butikken vidare – først med eit prøveår frå august 2024 til august 2025. Sidan på permanent basis -med god hjelp frå resten av gjengen på Matkroken Todalen – eller rettare sagt Halsbua.
Bildeglimt frå starten på Todalsøra – fotoeigar Terje Nordvik