Vêret kan du aldri lita på – slik er det også når du inviterer mange gjestar på selskap og har for lite plass til å få gjestane under tak. Onsdag er det feiring av generasjonsskifte ved Matkroken Todalen, og hit er heile bygda invitert – og flerire til. Etter ein siste sjekk av vêrmeldinga på yr.no så vart teltet montert ferdig og klargjort for å huse mange gjestar.

Klart for montering av teltduken. Frå venstre Einar Husby, Edvard Nordvik, terje Nordvik, Gunnar Nordvik, John Moe, Ola Ansnes og Torkjel A. Moe Foto Jon Olav Ørsal
Ein dugnadsgjeng stilte for å hjelpe, og dermed var det fort gjort å montere teltet og få på plass møblane for å traktere gjestane som kjem for å ta del i feiringa. Todalen sanitetsforening er hyra inn for å stå for trakteringa av gjestane, så her vil nok både marsipankaker og bakels med graut blir servert gjennom heile onsdagen. Trakteringa er annonsert for å skje frå kl 10 til 17 og vertskapet håpar at så mange som muleg har høve til å være med og kaste glans over arrangementet.