Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gavmilde «nissar» på sjukeheimsbesøk….

Jon Olav Ørsal Fredag 11. desember 2015

Det er ein mangeårig tradisjon med «nissebesøk» og gåveoverrekking på sjukeheimen før jul.  I år var det ei ekstra fin gåve som fikk hovudfokus da Pårørandeforening presenterte ein flott elsykkel som gåve til sjukeheimen.  Det er ei stor investering som her kome i stad gjennom samarbeid med Surnadal I.L. Handball som sponsa all inntekta frå ei handballturnering i august og Surnadal Sparebank som toppfinansierte prosjektet med ei gåvesjekk på 15.000 som Liv Dalsegg overrekte i dag.

Styret_PårForening_5184

Jenny Nordheim og Liv Dalsegg har teke plass i «framsetet» – attafor frå venstre Gro Sæter, Silje Pedersen, Borghild H. Kvande, Magna Mo og Liv Botten. Foto: Jon Olav Ørsal

Liv Botten i Pårørandeforeninga ville at årets gåve skulle gå til noko spesielt og noko som er nyttig, og derfor vart det ein Christiania Bike. Vi fik tak i ein sykkel, men oppdaga at det trongs meir pengar, og derfor kom Surnadal Sparebank som ein reddande engel for fullfinansiering. Sykkelen blir no plassert på sjukeheimen, slik at alle kan bruke den – og vaktmeisteren vil nok få ein finger med i spelet for å passe på at den bli lada når det trengs, sa Jenny Nordheim som tok i mot den flotte gåva på vegne av Sjukeheimen.

Ho var veldig takknemleg for all den hjelpa og støtta som sjukeheimen får frå Pårørandeforeninga og frå Surnadal Helselag og demensforening. – Det har veldig stor betyding for oss og for trivselen for bebuarane, og vi tykkjer at samarbeidet fungerer veldig fint og vi få mykje hjelp og støtte både til ting vi treng og til arrangement for bebuarane. Siste året har vi arrangert fleire turar og mellom anna ”onnadag” som var ein stor suksess.

– No treng vi forresten fleire som kan være med og bidra til underhaldning, så dersom det er nokon som har lyst til å kome hit og bidra med eit eller anna, så blir vi glade for det, seier Jenny. Så her er det berre å melde seg på for den som har lyst til å bidra med eit eller anna.

Liv Botten nyttar høvet til å takke alle som har vore med og ytt bidrag til foreiningane gjennom året – det gjeld både pengar underhaldning eller støtte på annan måte – tusen takk til dykk alle!

 

 

Publisert: 11. desember 2015, 13:19