Det siste 10-åra har rovdyra stadig kome meir i fokus for beitenæringa. Spesielt har sauebøndene vore hard ramma, og er påført store tap. Enkelte år er det faktisk enkelt som har opplevd katastofale tap på rundt 30 prosent og kanskje meir. Her i Todalen er det mange som rett og slett har lagt ned sauedrifta på grunn av store tap og at det ikkje har vore muleg å sette inn tiltak for å løyse problema som jerven nok har fått det meste av skylda for – men gaupa er nok medskuldig.
I dag skriv Driva på sine nettsider om Ola Kvendset som no vurderer å gje seg med sauedrifta av same grunn. Det seinaste året er nemleg gaupa observert på viltkamera mange gonger i lia ovafor garden, og seinast for ei veke sia vart gaupe registrert to gong her. Ola mista 8 lam på beite i fjor, og han trur at det er gaupa som må stå til rette for dei fleste – iallfall dei tre som det vart funne restar av.
I helga vart det leita etter gaupespor rundt heile bygda, og da vart det registrert sikre spor etter 4 gauper – på same måte var det leita etter spor i Stangvika/Kvanne-området og etter som vi forstår er det registrert eit liknande tal der. Dette kan tydde på at gaupa er i ferd med å etablere seg fast i Todalen, skriv Driva. Dette kan du lese meir om som plussak på Drivas nettsider – driva.no.