Den siste tida er det gjort stadig fleire observasjonar av gaupe. Fredag morgon var det ferske gaupespor i nysnøen gjennom gardstunet i Todalshaugen, fortel Johan T. Hals. Han viser oss gaupespora som enno søndag kveld er godt syneleg på ein snøflekk i utkanten av tunet. I helga var Todalshaug ein tur oppå setra, og der var det ferske gaupespor rundt seterhuset, og under verandaen i framkant av seterhuset. Det er et ord som seier at når du begynner å sjå rovdyra, så er det mykje av dei.
Johan fortel også om unormal oppførsel av katta fredag morgon. Den brukar å være ute om natta, men er klar til å sleppes inn når Johan og kona Dordi står opp om morgongen. Denne morgonen var katta borte. Men etter å ha kalla på ho kom ho fram i døropninga på fjøset, men var tydeleg skremt av eit eller anna. Ho var rett og slett litt oppskjørta, men roa seg etter kvart når vi fekk ho med inn i stova, fortel Johan.
Gudmund Kvendset mista fleire lam til gaupa i fjor vår, og hadde nok sett at det hadde vorte gjort tiltak for å redusere bestanden. Men no er jaktkvoten for gaupe alt fylt fylt her i området – ei gaupe vart nemleg felt i Orkdal, og året kvote for gaupejakta var berre på eit dyr i år. – Det er ganske fortvilt å sende sauer på fjellbeite med så mykje rovdyr – både gaupa og jerven har dei siste åra herja i saueflokken til Gudmund.
Gaupebesøk i gardstunet har det også vore på Talgø gård i helga – Anita Talgø melder at gaugpa har vore ein svipptur innom gardstunet natt til laurdag. Der i området har det også tidlegare vore gjort fleire observasjonar av gaupe det siste året.