No er krydderblanding Gastromat på plass i butikkane igjen. Det vart ramaskrik i fjor vinter da spesialmaskina som lagar den populære krydderblandinga havarerte. Det viste seg at det tok mesta eit år å få laga ei ny maskin, og i mellomtida har hylleplassen stått tom for Gastromat i butikkane.
No er dei populære boksane på plass igjen, og Matkroken kunne fylle opp hyllene torsdag ettermiddag, fortel Marit Tørset hos Matkroken Todalen. Så no kan alle som likar Gastromat, få den etterlengta krydderblanding på maten igjen.