Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Går Svinvikrunden til topps?

Jon Olav Ørsal Tysdag 17. juli 2018

Heilt sia 2010 har landets fylkeskommuner og Gjensidigestiftelsen saman med Friluftsrådenes forening og fleire til jobba med merking av turstiar der folk bor og ferdes. gjennom støtte til lag og foreninger er det merka ca 1100 turløyper på til saman 40.000 kilometer som tilsvarer rundt ekvator.  No er det tid for å kåre den beste av disse og da gjeld det å ta del i avstemminga.  Lokalt er Svinvikrunden ein god kandidat som er lansert.

Klikkar du på linken til heimesida til www.turrute.no/ så kan du delta i avstemminga. Her kan du stemme på mange kandidatar over heile landet ved å skrive inn fylke eller kommune i søkefeltet og dermed kan du stemme på din kandidat. Vil du gå direkte til Svinvikrunden kan du berre klikke på linken. Dersom du legg inn di epostadresse er du med på trekning av turustyr for heile familien.  Så her er det berre å sette i gang!

Her finn du litt meir informasjon om Svinvikrunden, presentert på infotavla ved startområdet. Litt av ei historie og litt av ein tur!  Foto. Jon Olav Ørsal

Publisert: 17. juli 2018, 18:20