På Talgø MøreTre ser vi alt no konturane av ein travel sommersesong, med stor aktivitet, seier Arne Rudningen, som er produksjonssjef for Talgø MøreTre si verksemd i Todalen. Men Talgø MøreTre er godt skodd til å møte ein travel sesong, for på nyåret er det installert både ny CNC-styrt sag og heil ny maskin for automatisk montering og spikring av rammer til byggelement og montering av gips- eller vindtette asfaltplater.
Dette er ei betydeleg effektivisering prosessen med montering av element, fortel Rudningen, som meiner at dette arbeidet langt på veg går dobbelt så fort med den nye maskina. Begge de nye maskinene er ein del av Talgø Møretres investeringsprogram, der det skal investeres for rundt |120,0 mill. fram til 2020 og har kosta rundt 6,0 mill. Den nye maskina betjenes av 1 person, og kjøre kappe- og monteringsprosessen med 3 personer mot tidlegare 6 personar.
De nye maskinene kommuniserer med tegneprogrammene, og dette effektiviserer arbeidet og sørger for at elementene blir produsert etter rette mål, og reduserer sjansen for feilproduksjon. Dette er noko av det ypperste som finnes av maskinutstyr for slik produksjon i dag, seier Rudningen. – Han fortel vidare at det har foregått eit omfattande opplæringsprogram no før påske, så etter ein velfortjent påskeferie blir det full fart på produksjon og leveransar over heile Midt-Noreg. Vi har ein stor ordrereserve både i nærområdet og i Trøndelag – spesielt er vi godt inne i Rørvikområdet, seier Rudningen til slutt.
I dag er talet på tilsette rundt 30, men det ser ut til å bli enda fleire utover året. Målet vårt er faktisk å doble omsetninga i løpet av året, seier ein optimistisk produksjonssjef.