Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Går for seier, med Margrete på topp!

Elinor Bolme Torsdag 8. januar 2015

Surnadal senterparti slapp i dag si nyheit om kven dei har som sin ordførarkandidat til valget 2105. Leiar i nominasjonskomiteen, Bergsvein Brøske kunne fortelje på dagens pressekonferanse at dei har jobba knallhardt det siste halvåret og fekk det slik dei ville til slutt med Margrete Svinvik som partiets førstekandidat. Dei lyktes også med å få 29 andre sterke kandidatar til å representere partiet ved neste valg. Og her tykkkjer nominasjonskomiteen sjølv at dei har fått ei god spennvidde i samansetning både på alder og kjønn. Lista skal godkjennast og vedtakast på Surnadal Senterparti sitt nominasjonsmøte 19. januar.

Bergsvein Brøske og leiar for Surnadal Senterparti Nils Håvard Øyås er stolte over at Margrete Svinvik valgte å takke ja til å stå på toppen  av nominasjonslista. -No går vi for seier ved valget, og er ydmyke over at så mange ønsker å gjere ein innsats for senterpartiet og ikkje minst surnadalssamfunnet vidare.

Margrete sjølv gler seg til å ta fatt i den nye rolla. Litt spenning ligg naturligvis med på kjøpet, men med eit så godt lag som Senterpartiet i Surnadal har for tida, så gler eg meg, seier ho. Også samarbeidet med dei andre partia er nemt som ein faktor til motivasjon i kommande valgperiode. Ho er no inne i sin tredje periode i kommunestyret, der den i midten var som vara.

Under er lista som nominasjonskomiteen foreslår skal godkjennast den 19. januar. Dei tre øverste er satt,  øvrige er opplista alfabetisk. Og Bergsvein utdjupa den med at Margrete er kummulert for levne tvilen om ordførerkandidaten, leder Nils Håvard Øyås sitt på ein enorm kunnskap og erfaring, og med Senterungdom  Sondre Ormset på 3. plass ønsker vi å vise ungdommane våre tillitt.

Nominasjonsnemdas listeforslag

 

Publisert: 8. januar 2015, 19:11