Tydelege spor fortel om at gapkjøring har pågått i lysløypetraseen på Tjønnmyra. – Dette er helt forkasteleg, seier leiar i Todalen Idrettslag Nils Ove Bruset, og minner om at dette er eit anlegg som er bygd på dugnad og finansiert med tippemidlar.
Det har nok vore stor fart og det ser ut til at det har gått hardt utover både bil og «bane». Det er farleg med slik gapkjøring i løypetraseen i lysløypa, for den er mykje bruka både av trimmarar og turfolk både vinter og sommar.
Det var ein bærplukkar som tipsa oss om kva som har foregått i anlegget, og han har sikra fleire spor og sendt oss bilder av bilspora i løypetraseen. Disse spora gjer at mistanken går i ei bestemt retning.