Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gapahuken på Tjønnmyra er ferdig – no treng vi snø og skiføre

Jon Olav Ørsal Fredag 23. desember 2016

På seinhausten har det vore stor aktivitet på Tjønnmyra igjen – no er det bygging av gapahuk som har stått på programmet. Grunnarbeidet vart gjort unna før tæla kom, medan resten av arbeidet har pågått no fram til jul.  Det har egentleg vore eit kappløp med vêret, føret og tida.  Det er Gunnar Nordvik som har vore hovudentreprenør, og han og Lars Kvendset har gjort det meste av arbeidet – med god hjelp av dugnadsinnsats.

Uten mat og drikke …. Gunnar Nordvik og Lars Kvendset fikk hjelp av Ola bruset og Nils Ove Bruset til tømmerhogging. Foto. Jon Olav Ørsal

Den nye lysløypa på Tjønnmyra har vore i drift eit par sesongar no, og den nye gapahuken er ei supplering av anlegget.  Gapahuken skal auke funksjonaliteten og trivselen, og vil gjera anlegget meir felsibelt til forskjellig bruk. Det er mellom anna innlagt strøm, slik at ein kan kople på bakelsjarn og kaffetraktar o.l.  Den nye gapahuken gjer at anlegget kan brukast til forskjellige aktivitetar gjennom heile året, og er såpass stor at den kan huse mykje folk om det plutseleg kjem ein floing.

Raset i Falla forsenka nok innspurten på anlegget litt, men idag på lille julaftan vart siste rest av troet og pappen lagt på taket, så no er det tett tak, fortel Gunnar Nordvik. – Og det er nok bra, for det meldes både mykje vind og ein god del nedbør i julehelga. Er vi heldige så får vi kanskje litt snø også, så vi kan ta i bruk lysløypa igen.  men dei første dagane blir det nok mest regn.

Skavardugnad – dragarar og sperrer vart raskt skava fri for bark og dermed var dei klare for bruk. Foto: Jon Olav Ørsal

Gapahuken tek form – sperrene er på plass. Foto: Jon Bruset

Dei siste dagane har det vore lagt på tro og papp – her er det Gunnar Nordvik som er på taket. Foto: Jon Bruset

Siste innspurt – lille julaftan vart det tett tak – no kan berre snøen kome! Foto: Jon Bruset

 

Publisert: 23. desember 2016, 21:38