På seinhausten har det vore stor aktivitet på Tjønnmyra igjen – no er det bygging av gapahuk som har stått på programmet. Grunnarbeidet vart gjort unna før tæla kom, medan resten av arbeidet har pågått no fram til jul. Det har egentleg vore eit kappløp med vêret, føret og tida. Det er Gunnar Nordvik som har vore hovudentreprenør, og han og Lars Kvendset har gjort det meste av arbeidet – med god hjelp av dugnadsinnsats.
Den nye lysløypa på Tjønnmyra har vore i drift eit par sesongar no, og den nye gapahuken er ei supplering av anlegget. Gapahuken skal auke funksjonaliteten og trivselen, og vil gjera anlegget meir felsibelt til forskjellig bruk. Det er mellom anna innlagt strøm, slik at ein kan kople på bakelsjarn og kaffetraktar o.l. Den nye gapahuken gjer at anlegget kan brukast til forskjellige aktivitetar gjennom heile året, og er såpass stor at den kan huse mykje folk om det plutseleg kjem ein floing.
Raset i Falla forsenka nok innspurten på anlegget litt, men idag på lille julaftan vart siste rest av troet og pappen lagt på taket, så no er det tett tak, fortel Gunnar Nordvik. – Og det er nok bra, for det meldes både mykje vind og ein god del nedbør i julehelga. Er vi heldige så får vi kanskje litt snø også, så vi kan ta i bruk lysløypa igen. men dei første dagane blir det nok mest regn.