Dei som har bruka gammelvegen i Åsbøhauan som sanr veg til ferja saknar denne mulegheita etter flaumnatta i Søya tidlegare i haust. Da vart vegen grave ut mellom dei to bruene over Søya. Hittil har det vore så stor vassføring at det har vore umuleg å reparere skaden, seier Jon Reidar Husby som er grunneigarane i området. Men no skal det begynne å skje litt….
I tillegg til at det har vore skade på vegen, så har det også pågått skogsdrift og tømmertransport i området. Derfor har det vore nødvendig å halde vegen stengt av den grunn også. Men no skal det settast igang reparasjonsarbeid slik at skaden skal bli utbetra, så så får vi sjå etter kvart, seier Husby.