Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gammelnorsk og sjølvhjelpt

Jon Olav Ørsal Måndag 14. april 2014

I Oppistua på Hjellnes går det på gammelnorsk, bokstavelig fortalt. Vi tenkjer da på gammelnorsk spælsau, og i går starta lamminga, og dei to første lamma såg dagens lys for første gong. Da todalen.no var på besøk måndag var det alt kome 3 lam til, og fleire var i vente. Det er Torill Gjeldnes og Per Åke Jacobsson som no er drivarar i Oppistua, og etter nokre års opphald har dei satsa på sau igjen dei siste åra.

Hjellnes_sauer_0215

Sauene blir fôra ute det meste av vinteren og dei trivst godt ute. Foto: Jon Olav Ørsal

Men no er det gammelnorsk spælsau det blir satsa på, og i vinter har dei 52 sauer som no er i gang med lamminga. Dei ventar dei neste vekene at rundt hundre lam skal sjå dagens lys, og det var mange lamdigre sauer på fôringsplassen utafor fjøset.

Sauene i Oppistua går ute det meste av vinteren, men har tilgang til å kome ”inn i varmen”, dersom dei vil. Per Åke fortel at dette er nøysame dyr, som stort sett klarer seg sjølv under lamminga. Dei eldre og erfarne sauen trekkjer inn eller i godt ly når dei kjenner at fødsel er på gang, og dei treng oftast ikkje noko form for hjelp med fødselen. Fjorlamma som føder treng ofte litt hjelp, for dei føder der dei står, og da kan det bli for kaldt for lamma, og dei unge mødrene har ikkje naudsynt erfaring til å få lamma til å finne spenane og lære å suge.

Det er viktig at lamma får tørke seg etter fødselen, og det er ofte vanskeleg når det er kaldt eller i regnvêr. Men når dei første har vorte tørre, er det heilt utruleg kva dei toler av både vêr og temperatur, seier Per Åke.

Den kvite spælsauen har og sitt utspring i den gammelnorske spælsaurasen, men har gjennom ei årrekkje vorte avla fram for å få både fleire og større lam, og høgare kjøttvekt. Forskjellen på lamma kan være 3-4 kg i slaktvekt, men som oftast mindre. Per Åke ser heller verdien i at dei skal klare seg sjølv, og at dei ikkje skal få fleire lam enn dei klarer å ale fram og som dei har nok mjølk til å fø opp. Sauene har 2 spenar, og han tykkjer at det er naturleg av dei da har to lam, eit til kvar spene.

Vi legger merke til at sauene er litt meir sky enn vi er vant til, og Per Åke seier at disse sauene er litt meir sky og er raskare til å trekkje seg unna. Det gjeld nok både når dei treffer folk, og ikkje minst når dei treffer på rovdyr ute på beite. Det er nok ein god eigenskap, sjølv om det ikkje er nok for å unngå rovdyrtap. Men i fjor haust når andre besetningar opplevde store tap, kom alle sauer og lam tilbake frå beite til Hjellnes. Det var kanskje tilfeldig, men det hjelper nok på å være forsiktig.

Per Åke er likevel bekymra for rovdyra når han snart skal sende dyra på beite. Mest bekymra er han for gaupa, for han trur det er mange gauper i området. Han tykkjer det er fortvila når husdyra ikkje eingong får gå i fred når dei beiter på heimgjerdet.

Bilder frå sauehald og lamming i Oppistua på Hjellnes.    Alle foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 14. april 2014, 15:00 - Sist oppdatert: 15. april 2014, 16:48