Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ga bort gåva til glede og nytte for gravide

Jon Olav Ørsal Måndag 21. desember 2015

Todalen sanitetsforening fikk ei raus gåve på 10.000 kroner med Svorka, og dei trong ikkje spekulere lenge på kva dei skulle bruke pengane til. Omtrent samtidig kom det beskjed om at tronge kommunale budsjett gjorde at svangerskapskurs som skulle starte 6. januar var avlyst. Dermed var det klart kva pengane skulle brukast til – nemleg svangerskapskurs!  Todalen sanitetsforening fikk med seg Gjensidige Surnadal og dei spanderer 10.000 kroner kvar og dermed blir det svangerskapskurs som tidlegare planlagt den 6. januar – til stor glede for dei gravide i kommunen.

I følge Gunn Bredesen i Surnadal kommune er budsjettkutt i samband med 2016-budsjettet årsak til at talet på svangerskapskurs er redusert frå 3 til 2 neste år. Dette fører til at ein ikkje fangar opp – og kan gi dette tilbudet til alle fødande i kommunen. Talet på fødande har auka det siste året, og det er i år 56 – så behovet for svangerskapskurs stigande enn synkande.

Denne gongen var det altså Todalen sanitetsforening og Gjensidige Surnadal som bretta opp ermane og sikra at det blir arrangert svangerskapskurs med start den 6. januar, og dei 11 som er påmeldt kurset får altså beskjed om at det blir kurs likevel – kurset er på 5 kveldar a 3 timar, pluss ein ekstrakveld for å danne barselgruppe etter fødselen.

Ellinor Bolme og Ragnhild A. Moe representerte Todalen sanitetsforening – i tillegg er Ellinor fylkesleiar i M&R sanitetsforening. Saniteten ser på dette som eit utspell for å rekruttere nye medlemar, og Ellinor mente at det absolutt er eit grunnlag for å starte ei sanitetsforening i nedre Surnadal. I dag er det foreningar i Torvika, Øvre Surnadal og Todalen. Dette er noe å tenke på – for vi treng både unge og eldre medlemar og det er mange meiningsfylte oppgåver å ta fatt på.

Jordmor Wenche Evensen Berg sa at dei fødande lærer mykje på kursa og det gir ekstra trygghet at både vordende mødre og fedre har ein del kunnskap om svangerskap og fødsel. Kurset set fokus på barseltida og gjer vordende foreldre meir førebudd på ein ny familiesituasjon og ny familiemedlem.  Ho skrytte av at mange fedre hittil har vore med på kursa, og at fedrane er dyktige fødselshjelparar.

 

 

Publisert: 21. desember 2015, 17:59