G19 trefte søndag Ekko/Aureosen i ein målrik kamp på Søyabanen. Sjølv om Ekko var først ute med scoring, var det ein jamn kamp med pausereultat 2-2. Etter pause auka TSKU til 4-2, men Ekko tok seg innat og utligna til 4-4. Men TSKU auka på igjen til 5-4 da det var 7 minutt att av ordinær tid. Sigeren var da innafor rekkjevidde, men Ekko utlikna til 5-5 da kampen var 3 minutt på overtid.
Etterpå var det diskusjon om dette var eit offside-mål, men resultatet vart altså ståande på 5-5. Førstkomande onsdag har G-19 ny heimekamp, da dei skal møte Molde på Bordholmen kl 18, fortel manager Terje Nordvik til Todalen.no