Mandag kveld var det premiere for nye drakter og anna utstyr for G19 som er samarbeidslaget for juniorane i Todalen, Kvass/Ulvungen og Søya. Draktene som spelarane skal bruke er svart/kvitstripa som dei gamle draktene til Todalen, og dei har med seg solide sponsorar som har fått reklame på draktene og som tilsaman har bidrege med 50.000 i lagskassa. Det er HalsOil, Talgø og Surnadal Sparebank. Dei 19 spelarane fekk utdelt drakter, overtrekksdrakter og genser som reiseantrekk.
Alle dei 19 spelarane, samt lagledarar, trenar og manager var til stades for å ta imot det nye utstyrer, og sjølvast var det fotografering i dei forskjellige antrekka. Det er Terje Nordvik som er manager for laget, og Ole «Zakki» Børset som er trenar. Tove T. Brøndbo er oppmann på nordsida av fjorden, medan Petter Vårdahl er oppmann på sørsida av fjorden. Heilt sidan desember har dei trena aktivt, og det har for det meste skjedd i Ålvundfjordhallen, men også på Søyabanen og i Surnadal idrettshall. Fram til seriestart mot Clausenenga i Kristiansund 24. april. Første heimekamp blir på Bordholmen 2. mai, når Surnadal kjem på besøk. Det blir nok eit spanande oppgjer. seinare på sesongen tek laget sikte på deltaking i NorwayCup i Oslo. Her kan finn du terminlista for nedlasting.
Trenar Ole Zakki Børset orienterte om opplegget for sesongen, og han sa tydeleg frå om at målet var å vinne alle kampane i serien, og at laget skal jobbe knallhard med å utvikle seg utover sesongen. Muligens blir det 3 treningskveldar i veka ei tid framover forå nå målet. han rosa laget for rolig og fin stemning på treningane og spelarane fikk også ros for godt oppmøte på trening. Og det var ein godt motivert gjeng som pakka sammen det nye utstyret før dei dro heimover, klar for ny og spanande fotballsesong.
G19 var samla i Todalen ungdomshus for utlevering av utstyr og sosial kveld i lag. Alle foto: Jon Olav Ørsal