Tysdag blir det lokale størrelsar å sjå på TV2 Sportskanalen, som kl 10.30 sender kampen mellom G16 Surnadal/Søya/Todalen – Porsanger. G16 er altså det felles 16-årslaget som Surnadal, Søya og Todalen er med samarbeider om.
I søndagens kamp mot Bremnes tapte laget 1-5, men laget er optimistar og går på med krum hals i kveldens kamp mot Mathare United. Mathare United kjem frå Nairobi, som ligg omtrent 720 mil fra Oslo og Ekebergsletta. Den kampen går kl 20.30, men sendes ikkje på TV.
På G16 laget er det iallfall 3 deltakarar som har tilknyting til Todalen – Trym Kvendset, Erik Kårvatn og Henrik Talgø. Det blir spennande å sjå om dei vil klare og hevde seg mot Porsanger. Da er det berre å slå på TV2 Sprotskanalen kl 10.30 i morgon 31. juli og vi ønskjer dem lykke til!