Onsdag kveld var det avslutningskveld etter årets sesong for G16 i Todalen ungdomshus. Da var det tid for oppsummering og for å gje ros for det som har skjedd gjennom sesongen, både på og utafor banen. Med eit stort trettital til bords gikk pizzaen ned på høgkant, og etterpå viste oppmann Knut Haugen ein filmkavalkade med årets høgdepunkt i ein kort film. Laget har hatt ein stall med 21 spelarar, og vart denne sesongen nr 7 i 1. divisjon for G16 i Møre og Romsdal etter ein litt svak haustsesong.
Gjennom sesongen har laget spela 36 kampar, derav 18 seriekampar og scora tilsaman 74 mål. Knut Haugen, som har vore oppmann for laget gjennom fleire sesongar, var raus med å gje ros til laget. Dei fekk ros både for innsatsen på banen, og for triveleg og fin oppførsel også utafor banen. Haugen gir seg no som oppmann, og nytta høvet til å takke både spearane og foreldra for mykje triveleg samkvem gjennom fleire sesongar.
Vidare var det utdeling av diplom for deltaking i Norway Cup og deltakarpremie til alle som har vore med i G16-stallen denne sesongen. Sølvsagt var det honnør og gavekort til trenarar og oppmann, og det var utdelt litt meir humorprega utmerkinar. Men heilt på tampen var det stor spenning om kven som skulle bli årets toppscorar og årets spelar. Årets toppscorar for 2011 vart Kristoffer Nordvik, medan Brage Hauglann Talgø vart årests spelar.
Neste år blir det ikkje noko G16-lag i samarbeidsprosjektet Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen (STKU), men dei kjem til å stille eit G14-lag, og eit G19-lag (junior). I tillegg er det eit par spearar som har meldt overgang til Sunndal for neste sesong.