G14 Surnadal/Søya/Todalen møtte i dag Bjørn IL i 1/16-finale i B-sluttspelet, og kunne etter endt kamp juble etter ein solid 10-1 seier. Dette gjer at gutane allerede i kveld gjekk vidare til 1/8-finale mot Haugerud klokka 18.30. Og også den kampen tok gutane med storm. Dei var heldige med eit sjølvmål etter 4 minutt og Trym Schei Kvendset som fekk inn 2-0 etter 18 minutt. Keeper Amund Phil Strand scora sitt andre mål for dagen og 3-0 stuss etter utspel rett etter pause, før Haugerud fekk inn eit trøstemål i siste liten.
Seieren gjer at gutane avanserer til 1/4- finale mot Bækkelaget IL i morgon kl 8.
Gudmund Kårvatn har også i dag sendt oss nokre bilder frå stadion på Abildsø og Ekeberg.
Ellers har vi fått melding om at G13 Surnadal/Søya/Todalen er vidare til 1/16- finale etter at dei har slått Ready 2 5-4 etter ekstraomgangar. Her scora Vegard Dønnem alle 5 måla. Dei møter dermed Skjoldar til ny kamp klokka 20 i kveld. Her vart resultatet 3-1 til Skjoldar, og G13 er dermed ferdig med sitt Norway Cup-eventyr.
J13 Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen tapte dessverre 3-0 mot Høybråten og Stovner i sin 1/8-finale i A-sluttspelet dag. Det betyr at Norway Cup 2017 er over for jentene. Men først er det bytur med shopping og RBK på storskjerm fortel Tove Brøndbo.