Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

G14 fossar vidare, semifinale neste!

Elinor Bolme Torsdag 3. august 2017

G14 Surnadal/Søya /Todalen klarte i dag å slå arrangørklubb Bækkelaget IL 5-3 i sin kvartfinale i B-sluttspelet i dag tidleg. Det betyr nok ein dag med to kampar, da semifinalen går klokka 15.15 i dag, mot Halsa/Valsøyfjord. Eit lokaloppgjør langt heimafrå.

Halsa/Valsøyfjord møtte Nittedal i sin kvartfinale, og måtte ha både ekstraomgangar og straffesparkkonkurranse for å avgjere kven som gjekk vidare. Resultatet vart altså 6-5 til Halsa/Valsøyfjord til slutt.

Hjørnespark til S/S/T. Foto: Gudmund Kårvatn.

Dagens målscorarar er Odin Nes, Erik Kårvatn, Halvor Fjærvik (2) og Viljar Kvande. Laget dominerte i store deler av kampen, og gjekk til pause med 1-0. Slakka kanskje litt av dei siste 10 minutta av kampen slik at Bækkelaget kom til med tre mål mot slutten.

I kampen mellom J19 Surnadal/Søya/Todalen og Ravn leda jentene 1-0 til pause etter scoring av Marte Nes. Ravn reduserte etter ca 6 minutt ut i 2. omgang, og fikk inn enda eitt mål på tampen. Det betyr dermed at også J19 er ute av årets Norway Cup.

 

 

Publisert: 3. august 2017, 09:54