Gutane på KUST G13 er akkurat ferdig med dagens kamp mot Oppsal, og det meldes om seier og stormende jubel i leiren! Det sto 0-0 til pause, men med kvart sitt mål av Erik Husby og Marcus Brein Gikling etter at Oppsal tok leiinga tidleg i 2. omgang. Dette betyr 1/16 finale i morgen kl 12.20, mot Lillestrøm.
Dei to jentelaga J14 og J16 tapte dessverre begge sine kampar og er ute av årets cupeventyr. J14 tapte 0-5 mot IL Høyang i 1/16-delsfinalen i B-sluttspelet. J16 avslutta med ein dramatisk kamp mot Syril IL. Syrili IL utligna til 1-1 når det gjensto 4 minutt av ordinær tid og det vart dermed 2 x 5 min ekstraomganger med golden goal. Ingen av laga klarte å score under ekstraomgangane, og det vart derfor straffesparkkonkurranse som avgjorde vidare spel. Den var det Syril-spelarane som hadde best kontroll på nervane og scora på tre av fem straffar. samtidig som søyajentene bomma på alle sine skudd.
For meir info sjå IL Søya sitt reisebrev frå dagen på Norway Cup
Ellers med Surnadal IL sine resultat:
G16: Surnadal 2-Heddal 0-3
G19: Surnadal/Rindal-Askøy 2 6-0
J13: PaiHa (Finland)-Surnadal 0-5
G16: Surnadal 1-IL Skade 4-0
G14: Surnadal-Rossvale FC (Skottland) 0-4
G19: Charlottenlund-Surnadal/Rindal 1-3
J19: Surnadal/Søya/Todalen-Modum (Furuset FU11 01)