Sist tysdag hadde «dametrimmen» besøk av fysioterapeutane Martin Berg Hansen og Marit Nordvik Betten, og i dag var det «kaffekrokens venner» sin tur til å få besøk med rettleiing frå fysioterapeutane.
Fysioterapeutane var imponert både over oppmøtet og det positive initiativa damene og «gubbane» hadde teke for å halde seg i form gjennom treninga på Hett & Svett.
Både på «dametrimmen» og på dagens trim for «kaffekrokens venner» rettleia dei to fysioterapeutane ei lydhør og lærevillig forsamling med trimmarar. Vi ser ikkje bort i frå at dei to kjem att seinare for å sjå korleis utviklinga til trimmarane har vore?