Den som har trafikkert Dalavegen blir ikkje fortaft om det er både mange, store og djupe hol på vegen. I dag trefte vi ein gjeng som har teke spaden i eigne hender og jobba med å fylle hola på eit stykkje av vegen forbi Vestrum og Talgø gard. Det var kampsportlinja ved Normøre Folkehøgskule som hadde avtalt med Gunnar Bøe på kommunen at dei skulle fylle litt grus før vegskrapa skal i aksjon litt seinare.
Kjell Gunnar Polden som er lærar på folkehøgskulen leia arbeidet og sørga for å hente grus i gruslageret for å fulle opp hola. – Vi har vore så mykje oppi her med våre aktivitetar at vi må gje noko attende, fortalte Kjell Gunnar, som venta enda fleire elevar litt seinare på dagen. To av gruppa var utplassert på kjøkkenteneste og skulle sørge for nystekte bakels og smørgraut midt i økta.
Karen Johanne kom forbi på hundlufting og ho fekk tilbod om vekkjøring av plantavfall, rusk og rask som «returfrakt» for grustranporten. Folkehøgskulen syng forresten på siste verset for skuleåret 2020/21 – 15. mai er siste skuledag på eit triveleg skuleår fortalte «vegvoktargjengen» som grudde seg til å skilje lag ved skuleslutt.