Surnadal Taekwondo-klubb hevdar seg godt i konkurransen. I helga har ein gjeng vore i Ålesund, der dei har delteke i fylkesmesterskapet. Der har dei vist at dei kan reknast med og har både gull-, sølv- og bronsemedaljer i bagasjen på heimvegen.
Vi veit at Sindre K. Bruset har delteke i helgas fylkesmesterskap og at han endte opp gull i mønster, men at medaljen glapp i innleiande sparring. Men det var også fleire som sikra seg medaljer:
Aurora Dønheim Berle: Utslegen innleiande mønster, men sikra seg gull sparring.
Laura Gikling: Gull mønster.
Ragnhild Berg: Sølv i sparring.
Una Langeland Gravvold: Bronse mønster, gull sparring.
Bilder frå konkurransen under fylkesmesterskapet i Ålesund i helga – alle foto Surnadal Taekwondo klubb