Førdefjord kom til Todalen på prøvetur måndag kveld. Den nye ferjelemmen furngerte perfekt, og ferje hadde ingen problem med å legge til. Dermed er det klart for å starte trafikk på strekninga Todalen – Kvanne, og den første turen går frå Kvanne tysdag morgon kl 8.15 og frå Todalen 9.15. Sjå elles om nye rutetider i eiga sak. Landgangsfartyet Maursund vil tysdag gå dei to første turane i den ordinære ruteplana. Det vil seie frå Todalen 6.30 og 8.30 med retur frå Svinvika 7.30 og 9.30.