Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fullt trykk opp til Todalshytta

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. juni 2015

Kvar månad har brannkorpset i Todalen øving – enkelte kveldar sjekkar dei utstyr og andre kveldar drar dei ut forå gjera seg kjent med lokale forhold rund i dei ymse grender. Tysdag kveld var det øving på å få ut slangar og få vasstrykk opp til Todalshytta – og det funka.

Brannøving_9219

Ei pumpe var plassert på elvekanten. Foto: Jon Olav Ørsal

Med ei brannpunpe på elvekanten,  og ei i Hjellavegen var det ingen problem med å halde trykket på fleire slangar, både på Hjellen og opp til Todalshytta. Slangane var lagt ut rett opp bakken til Todalshytta. Intensjonen er at det skal gå fort den dagen det blir alvor, og det er difor greit å være forberedt på problem som kan oppstå og dermed spare tid.

Brannkorpset i Todalen består i dag av 5 personar som er utstyrt med varslingsutstyr og har kort utrykningstid både for brann og for hjartestartar. Det er ofte dei første minutta som er viktigast, og det er derfor viktig å ha lokal beredskap som kan være på pletten 30-45 minutt raskare enn frå Surnadal. Det kan være avgjerande for resultatet.

Brannøving_9232

Ivar Bolme får fullt trykk på slangen til Todalshytta. Foto: Jon Olav Ørsal

Brannøving_9227

Bjørn Kvendset testar trykket til Hjellen. Foto. Jon Olav Ørsal

Publisert: 16. juni 2015, 21:00