Onsdag inviterte Surnadal Pensjonistlag medlemsmøte i lokala til Surnadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei. Responsen var som vanleg god, så det var rundt femti medlemmar og fullt hus!
I rapporten vi har fått frå medlemsmøtet, heiter det mellom anna at Tor Holten, frå Todalen, heldt eit svært interessant kåseri om sørsamane i Trollheimen, og om han Finn-Torkjell. «Tor ga oss eit glimt inn i livet og tilhøva for sørsamane. Dei var uønska same kor dei slo seg ned. Dette er noko vi bør ha kjennskap til, men ikkje vere stolte av», heiter det.
Kan det vere interesse for eit pensjonistkor i Surnadal? Det spørsmålet var det kyrkjeverge Tor Rune Halset og kantor Amund Valde som stilte, da dei besøkte medlemsmøtet for å orientere og lodde stemninga for eit slikt tiltak. Kva resultatet på dette spørsmålet vart, får vi sikkert svaret på om ei stund?
Det var som vanleg servert kaffe og noko å bite i. Ja, og sjølvsagt loddsal! Så det vart ei skikkeleg triveleg ettermiddagsstund på frivilligsentralen for medlemmane i Surnadal Pensjonistlag!