Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fullt hus for Romjulsquiz

Stig Husby Onsdag 28. desember 2022

todalen.no traff blink med sin Romjulsquiz 3. juledag i Todalen Ungdomshus. 75 ivrige quizdeltakerar fann vegen til ungdomshuset, som var julepynta for anledningen. Styret i todalen.no hadde lyst til å prøve å arrangere quiz igjen etter stor suksess i påska tidligere i år. Det viste seg at julevarianten av quiz slo minst like godt an. Når det blir tid til å slå av ein prat med både kjente og mindre kjente i tillegg, så verker det som dette er eit konsept som slår godt an i Todalen.

Heile storsalen og galleriet i Todalen Ungdomshus måtte til slutt takast i bruk, da det vart godt besøk 3. juledag på Romjulsquiz. 

Det vart besøk frå utabygdes også, som kunne fortelle at kvelden var svært så triveleg. Her er det ikkje berre lokale spørsmål frå Todalen, men det var laga fleire kategorier fordelt på 4 runder med quiz. Da blir det noko å bryne seg på for alle aldergrupper og interesser.

Quizmaster Sondre Halset held regi på spørsmål og svar, og det var tett kniving om topplassane heilt til siste og avgjørande runde.

Quizmaster Sondre Halset hadde satt saman ein variert quiz som gjekk over 4 runder. Her var det noko å bryne seg på for alle.

Da var det lag 1 som til slutt trakk det lengste strået, og fekk overlevert velfortjent premie.

Lag 1 gikk til slutt heilt til topps i årets Romjulsquiz i Todalen Ungdomshus. Det var med knappast muleg margin, dei fekk solid konkurranse om førsteplassen. Premie vart det sjølvsagt også.

todalen.no baud på servering av diverse julesnacks og kveldens varmrett vart pølse og brød med tilbehør. Som såg ut til å falle godt i smak, her såg det ikkje ut som nokon savna ribbe og pinnekjøtt akkurat. Styret var svært godt fornøgd med oppmøtet, og det kom fleire hint i løpet av kvelden om at eit slikt arrangement  må settast opp igjen neste år også.

Kveldens varmrett var pølser med tilbehør, noko som såg ut til å vera eit kjærkomment avbrekk frå tradisjonell julemat.

Kombinasjonen av julehygge, ivrig konkurranse med sambygdingar og det å møtast ilag; dette bør vi gjenta i 2023, seier styret i todalen.no.

todalen.no med styret var arrangør av årets romjulsquiz, her ved Sondre Halset og Emil Haugen Ansnes.

Publisert: 28. desember 2022, 11:16