I dag var det fotoutstilling i Skulstuå. Og ved åpning klokka 13 vart det nesten for lite plassar til alle som møtte opp og ville sjå salgsutstillinga til Reidar Østvik. Han hadde med seg godt og vel 30 bilder, som vart godt motteke av dei som tok turen.
Allsidige bilder
Reidar hadde teke med eit breitt spekter av sine bilder. Han fortel at det er litt periodedvis kva som blir fanga av linsa. Men med bustad i Todalen og den fine naturen rundt oss er det lett at det blir mykju fine naturbilder fortel han. Tidlegare har han også hatt eiga utstilling i Galleri Finstuå med portrett som tema. Dette er litt utfordrande, da veldig mange ofte blir reservert når dei får ein slik forespørsel av oss med kamera.
Etterarbeidet viktig
For å få det rette uttrykket i bilda sine bruker Reidar photoshop. Der er mulegheitene uendelege, og eit råbilde kan produserast i forskjellige variantar.
God stemning
Som nemnt var det veldig godt oppmøte i Skulstuå, og med servering av Skulstuas vener gjekk praten livleg for seg rundt det store langbordet.