Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fullstendig sakliste til årsmøtet klar

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 27. mars 2023

Tysdag 28. mars er det årsmøte i Todalen historielag klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. No er fullstendig sakliste klar, og den kan du lese nedanfor. 

Fullstendig sakliste til årsmøtet:

  1. Godkjenning av innkalling og sakliste
  2. Val av ordstyrar 
  3. Val av skrivar.
  4. Val av to til å skrive under protokollen
  5. Årsmelding for 2022
  6. Rekneskap for 2022
  7. innkomne saker
  8. Val

Det blir servert kveldsmat. 

Etter årsmøtet vil det bli vist bilete frå barnehagedrifta i Todalen. Dette er bilete som har «dukka opp» i samband med at barnehagen no blir klargjort til bustad for flyktningar. 

Frå opninga av Todalen barnehage i 1990. Elisabeth Hyldbakk og Helge Vold (ordførar 19986 – 91) klipper snora. Foto: Todalen barnehage sitt arkiv.

Styret i Todalen historielag ønsker velkommen til årsmøtet sitt!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 27. mars 2023, 17:00