Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fullstendig sakliste til årsmøtet er klar

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 7. mars 2023

Todalen Idrettslag har årsmøte i Todalen ungdomshus onsdag 15. mars klokka 19:00. No er den fullstendige saklista klar, og den kan du sjå nedanfor. Saksdokumenta til årsmøtet vil bli tilgjengeleg her på Todalen.no frå og med klokka 19:00 årsmøtedagen. 

Saksdokumenta vil også bli vist på storskjerm på sjølve årsmøtet etter kvart som sakene blir behandla. 

Den fullstendige saklista ser slik ut:  

Sak 1:   Godkjenning av røysteføre, innkalling, sakliste og forretningsorden.

Sak 2:   Val av ordstyrar, skrivar og 2 til å underskrive protokollen.

Sak 3:   Behandle lagets årsmeldingar for 2022.

  1. Årsmelding frå Hovudstyret.
  2. Årsmelding frå Trimgruppa.
  3. Årsmelding frå Barne – og ungdomsgruppa.
  4. Årsmelding frå Driftsgruppa.
  5. Årsmelding frå Økonomigruppa.

Sak 4:   Behandle lagets rekneskap for 2022 i revidert stand.

Sak 5:   Behandle forslag og innkomne saker.

Sak 6.   Fastsette medlemskontingent for 2024.

Sak 7:   Vedta laget sitt budsjett for 2023.

Sak 8:   Bestemme lagets sin organisasjon, Inkludert lovnorm.

Sak 9:   Val:

a) Leiar for eitt år om gangen.

b) Nestleiar, kasserer, sekretær for 2 år om gangen.

c) Leiar og evt. sekretær og medlemmer for kvar gruppe.

d) Representant til idrettsrådet i kommunen (Todalen IL kan møte med inntil 3 personar på Surnadal idrettsrådet sitt årsmøte – må utpeikast).

e) Representantar til ting i dei idrettsorganisasjonane Todalen IL er tilslutta, i samsvar med lover og vedtekter for desse organisasjonane.

f) Andre tillitsvalde etter forslag frå styret eller valkomité, om årsmøtet finn dette nødvendig.

g) Valkomité med 3 medlemmer.

h) Kontrollutval med 2 medlemmer.

Enkel servering. 

Innkalling til årsmøte 15.3.2023

Todalen Idrettslag ønsker velkommen til årsmøtet!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 7. mars 2023, 18:18