Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fullstendig sakliste til årsmøtet klar

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 29. februar 2024

Todalen Idrettslag gjennomfører sitt årsmøte torsdag 7. mars klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. No er fullstendig sakliste til årsmøtet klar, og idrettslaget håper medlemmane møter opp på årsmøtet. 

Saklista til årsmøtet ser slik ut:

  1. Godkjenne dei som har stemmerett
  2. Velje dirigent
  3. Velje protokollførar
  4. Velje to medlemmar til å skrive under protokollen
  5. Godkjenne forretningsordenen, jf. § i Lov for Todalen Idrettslag og NIF sin forretningsorden
  6. Godkjenne innkallinga
  7. Godkjenne saklista
  8. Behandle årsmeldingane
  9. Behandle:
    1. Rekneskapen og øknomomisk melding frå styret i Todalen Idrettslag
    2. Meldinga frå kontrollutvalet
  10. Behandle laget sin organisasjo
  11. Innkomne saker
  12. Fastsetting av medlemskontingent for 2025.
  13. Budsjett for 2024
  14. Val

Årsmeldingane og styret sitt forslag til ny organisasjonsplan blir lagt ut her på todalen.no måndag morgon.

Det blir enkel servering og kaffe. 

Todalen Idrettslag ønsker sine medlemmar velkommen på årsmøtet!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 29. februar 2024, 19:28