6. mars er det klart for årets Næringslivsdag i regi Surnadal Sparebank. Her er det eit velfylt program for alle påmeldte med fleire store navn på talelista, både lokale og nasjonale. Konferansier er også i år Bente Krangnes Edvardsen og ho har med seg banksjef Allan Troelsen og Eva Husby frå Føniks vask og rens som representerer Surnadal.
I tillegg kjem sjeføkonom i Eika; Jan L. Andreassen, Eirik Sevaldsen frå Lofthus samvirkelag, Robert Mood frå Røde Kors, Claus Sonberg frå Zynk, Julie Brodtkorb frå Maskinentreprenørenes forbund og Roger Finjord, tidlegare landslagssjef i fotball på damesida.
Det går ennå an å melde seg på: Næringslivsdagen 2019
Les meir om sjølve foredragshaldarane på Trollheimsporten: Påmeldingane til næringslivsdagen strøymer på