Aldri før har det vel vore nokon attraksjon som har samla så mykje folk på Kårvatn. Premierefesta for barneTV-serien «Fjellgården i Trollheimen» samla nærare 350 tilhørarar laurdag kveld. I lavvoen var det plass stolar til 270, men i tillegg var mange som måte ta til takke med ståplass utafor da Lars Sæther kunne ønske velkomen.
Det var Oda, Emma og Oline som dro i gang underhalninga med song. Vidare var det Bjørn Tore Hallem fra produksjonsselskapet TMM som orienterte om produksjonen. Han roste todalingane og familien Kårvatn og retta ein stor takk til alle som har bidrege til at TV-serien har vorte ein realitet.
Han fortalte om produksjonen som har pågått i 2 år, og om alle utfordringane dei har møtt på vegen. Han skrytte av hovedrollefiguren Oda som han mente var eit godt filmtalent og som var god å samarbeide med.
Serien skal visast i 12 episodar i NRK1’s barneTV utover hausten. Den første episoden kjem alt fredag 4. september kl 18.00 og vidare blir det kvar fredagskveld utover.
Vi fekk først sjå nokre smakebitar frå serien, samt heile episode 4 som omhandla ein dag i fjæra saman med skuleklassen.
Og folk likte det dei såg! Vi vil bli forundra dersom denne serien ikkje treffer målgruppa den er laga for.
Vidare var det sjølvsagt utdeling av blomster og heder både frå oppvekstsentret og frå kommunen. Neste post var song med Oline Rørstad Bredeli som synger på CD’n som kjem seinare i haust, og Narve Talgø som las «Mann i månå» av Leif Halse. Men den siste store hovedattraksjonen var nok The Battery som fekk opp stemninga i lavvoen og som runda av underhaldninga på premierefesta. Dette var nok midt i blinken for de yngre og dei hausta mykje applaus for musikken sin.
Gudmund Kårvatn sa etter festa at han var overvelda over interessen som TV-serien og premierefesta har skapt, og var imponert over at så mange hadde funne vegen til Kårvatn denne kvelden. Han retta også ein stor takk til «Godt mot,Todalen» som har organisert opplegget med premierefesta.
Les og Trollheimsportens dekning av arrangementet.