Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fullklaff med Operakonsert i Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. august 2023

Operaen i Kristiansund og Stangvikfestivalen har denne veka arrangert sommarakademi i Prestegarden i Stangvika. Som avslutning på sommarakademiet kom heile gjengen til Todalen og arrangerte operakonsert i Todalen ungdomshus – de skjedde laurdagskvelden og konserten trekte fullt hus.

Sigrid Vetleseter Bøe er musikalsk leiar for Stangvikfestivalen og var kveldens konferansier. Foto Jon Olav Ørsal

Operasongen fekk opp stemninga i salen og det var ein stemmebruk som imponerte tilhøyrarane stort – og vi fekk ein halvannan time med songstemmer på eit nivå som ein berre kan drøyme om.Sigrid Vetleseter Bøe som er musikalsk leiar i Stangvikfestivalen, fortalte at alle deltakarane er ferdigutdanna operasongarar eller operasongarar under utdanning.  Sigrid var kveldens konferansier i tillegg til at ho hadde eit par-tre sceneopptredenar.

Nils Arne Halle Erstad er frå Meisingset, men har aner frå Todalen. Hans Bestefar kjem frå Hokkøyå på Hala. Foto Jon Olav Ørsal

På scena deltok elles Maja Reppe, Nils Arne Halle (Meisingsetgarding med aner frå Todalen), Eirik Mauno Olsen, Sebastian Lyng Malmo, Vilde Schwencke Johnsbråten, Eva Langeland Gjerde, Ingeborg Haugvik Francke og Oda Fredriksen.  Alle opptredde med kvart sitt nummer, og i tillegg var det eit par tre duettar.  – Heilt til slutt, med anne på scena, vart det runda av med Libiane som felles nummer frå scena.  – Og publikum belønna med trampeklapp og jubel.

Dette er andre gongen at Stangvikfestivalen arrangerer operakonsert i Todalen, og det er ingen grunn til at det ikkje skal arrangerast neste år – vi har alt begynt å gledd oss!

Nedafor har vi lagt ut eit galleri frå konserten – her finn du alle som var med på scena.  Alle foto Jon Olav Ørsal

Først publisert: 12. august 2023, 22:32 - Sist oppdatert: 13. august 2023, 07:51