Måndag kveld var det full guffe med snøproduksjon i alpinsentret i Sæterlia. Kjærkomne kuldegrader sørga for gode forhold til snøproduksjon, så dersom kaldvêret fortsett utover veka så ligg det vel an for sesongopning i Surnadal Alpinsenter etter som vi forstår.
Det er meldt kaldvêr til og med fredag, men så kan det bli eit par dagar med mildvêr og regn, før det blir kaldare igjen. Vi får håpe at det lykkes å kome i gang til helga.