På Todalshytta har dei opplev ein eventyrleg sommar – både med tanke på belegg og overnattingsdøg, og utnytting av kapasitetet på restauranten. Sjølv om laksefiskarane stort sett har vore fråværande så har «vanlege turistar» sørga for godt belegg på hytta, seier Arve Evensen som er vertskap på hytta saman med kona Cristy. No i helga – fredag til søndag er hytta fullbooket, både med tanke på overnatting og restauranten. Vi har derfor sett oss nødt til å stenge, seier Evensen.

– Vi har hatt ein eventyrleg sommar seier Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta saman med kona Cristy. Sjølv om laksefiskarane stort sett har glimra med sitt fråvær ha vi erstatta belegget med «vanlege turistar», seier Evensen. Foto Jon Olav Ørsal
Men neste veke er vi attende til normalen, og slik blir det resten av sesongen. Toppsesongen er nok i ferd med å ebbe ut no, men vi kjem til å ha ope på bestilling utover hausten, seier Evensen. Han er stolt av innsatsen som dei tilsette har gjort i sommar, og han seier at dei no ser resultat av det som eit lite og effektivt team har fått til gjennom sin innsats på Todalshytta. Til veka er det altså full fart igjen både med overnatting og servering på restauranten.