Også i år var det stor oppslutning rundt Todalen Sanitetsforening sin innsamling til Estland. Folk set tydeleg pris på å kunne gi bort klede og anna utstyr til folk som kanskje treng det meir enn oss her til lands. Frå Kvanne kom det til og med ein fullasta drosje. Her var det Arna Svorken som hadde ordna skyss innover til seg og «ryddelasset». Og drosjesjåfør Dag Arne Nordvik bar behjelpeleg inn. Det skal også nemnast at same Anna strikka 50 ullsokkar som Todalen Sanitetsforening fekk for å lage julegåver som og skulle sendast til Estland.
Anders Halset og Jon Bruset var blandt dei som hadde litt og avsjå også i år.
Etterpå vart det høve for kaffe og noko å bite i, for den som hadde tid. Frå venstre; Johanne Halset, Anders Halset, Jon Bruset, Jon Bjarne Husby og Knut Halset.
Også frå Surnadal kom det opptil fleire delegasjonar.Både i dag og tidlegare. Her ved Guro Beate Sæterbø, Gudrun Bele og Anne Sæterbø.
Ellers er det fortsatt muligheter for å levere varer; det er bare å setje sekkjar i reiskapshuset mot Nytrøa.