Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Full utteljing for dag to i Myrkedalen

Jon Olav Ørsal Sundag 5. januar 2025

Trollheimen fjellsportklubb gjorde ein skikkeleg medaljehaust under dagens dagens sprintprolog.  I dag var det Aron Rodal Haugen som sikra seg gullmedalja i klasse Menn U18, medan Isak Drøpping kom på andreplass og sølvmedalje.  Aron kom inn på beste tid 13:22, medan Isak fikk tillegg 0:27 og altså nest beste tid.  På 3.-plass kom Selmer helgeland frå Buvik IL med + 1:24.

I klassen menn senior var det Trym Dalset Lødøen som kom først i mål i prologen, men måtte dele tida 13:19 med Hans-Inge Klette.  På 3.-plass kom Erik Kårvatn på fattige 8 sekund i tillegg. 
Etter semifinale og finale vart det omrokkering i teten – Hans-Inge Klette gikk seirende ut, med Trym Dalset Lødøen på andreplass.
Dermed vart det bronsemedalje på Erik i dagens sprint prolog, der det var 17 deltakarar som fullførte.  På 10.-plass i dagens sprint prolog kom Halvor Drøpping på ein 10.-plass.  

Under søndagens sprint var det Aron som vart den kjappaste i klasse Menn U18. Foto HD

Arrangøren Viljar I.L. fekk mykje skryt for kvaliteten på løypene – tydeleg at det her er gjort ein kjempeinnsats frå arrangøren, seier Halvor Drøpping.  No tek deltakarane frå Trollheimen fjellsportklubb på heimvegen som går via Bergen og Kristiansund.  I dag var det totalt 28 påmeldte, så problemet med kanselerte fly forplanta seg på heile helga. 

Her kjem den offisielle resultatlista frå søndagens NM- konkurranse i sprint i Myrkedalen ved Voss:

Trollheimen Fjellsportklubb er medlem i Todalen.no 

Først publisert: 5. januar 2025, 12:48 - Sist oppdatert: 6. januar 2025, 12:29