Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Full trøkk på førsteslåtten – avling under middels

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. mai 2024

Frå i dag er det nok full trøkk med siloslåtten over heile bygda.  Vi stakk innom i Pestua, der Todalen Mjølk har moblisert både mannskap og utstyr til full fokus på førsteslåtten.  Den kalde vinteren med mykje is har nok sett sitt preg på slåttamarka med mykje isbrann.  Det fine maivêret har også gjort sitt til at tørke har hemma veksten.  Dette har ført til at vi opplever ei avling som er under normalen til førsteslåtten, seier Anders A. Karlsen hos Todalen Mjølk.

Anders A. Karlsen køyrte slåmaskina – det monner litt når du tek 9 meters bredde og kan kjøre i mesta 20 km i timen. Anders kan styre heile prosessen frå skjermen midt i biletet. Foto Jon Olav Ørsal

Som sagt er det full fart frå i dag, og Todalen Mjølk skal slå rundt 1000 mål i løpet av ein dag eller to.  4-5 traktorar og ein stor kutter var i full jobb da vi stakk innom, og her blir det nok kjør utover dagen.  Todalen mjølk har totalt 2200 mål med grasproduksjon – både i og utafor Todalen – graset er nok ikkje kome så langt verken i Lykkjebygda eller i Surnadal, så dette må nok vente litt. 

Det er nok rekordtidleg slått i år – faktisk eit par veker tidlegare enn normalen.  No trengs det nok litt meir fuktigheit for å få normal avling til 2. og 3.-slåtten.  

Slåmaskina i aksjon – når du slår i 9 meters bredde så monner det bra. Foto Jon Olav Ørsal

Riva samlar skårane i rankar som aukar kapasiteten. Foto Jon Olav Ørsal

Tor Asbjørn køyrer traktoren med riva – med rykande ferskt førarkort. Foto Jon Olav Ørsal

Ståle Ansnes er ikkje heilt nøgd med avlinga – isbrann og tørke får ta skylda. Foto Jon Olav Ørsal

Silo frå fjorårets produksjon – prima kvalitet på foret og lettvint hantering – Asbjørn Karlsen bak rattet her. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 29. mai 2024, 09:00