Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Full trøkk og beinhard påskequiz

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. april 2023

14 lag mobliserte all tilgjengeleg kunnskap til påskequiz på Todalshytta langfredagskvelden, og jammen vart det kamp om posisjonane for ikkje å seie pallplassane etter kvart. Til slutt var det 4 poeng som sørga for ein trygg vinnarplass for det lokale laget Markarampen med 45 poeng.  På dei neste plassane kom Ranes United med 41 poeng og Torkjel & Co på tredjeplass med 40,5 poeng.  

Markarampen gikk til topps og fekk velfortjent førstepremie – frå venstre Lars Kvendset, Anita Talgø, Toril Talgø, Jorid Kalseth, Einar Hernes og Steinar Frøystad. Foto Jon Olav Ørsal

Todalshytta var nærast fylt til siste plass, og det var god stemning da Quiz-masterane Sondre Halset og Mari B. Redalen kjørte i gang med 5 rundar med påskequiz. Med spørsmål frå alle tenkelege tema viste det seg å være nokre skikkelege nøtter som nok var vanskelege å knekke.  Elles vart det nok ei travel kveldsstund for vertskapet på Todalshytta, som først sørga for mat til mange av gjestane, før påskequizen kom i gang.  

Open restaurant i påska
Påskeaften og 1. påskedag er det og ope for matservering på Todalshytta – da er restauranten open frå kl 14 og utover, slik at både skituristar og andre kan stikke innom og få ein matbit, seier Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta.  Han tek gjerne mot bestilling på SMS/telefon 929 97 550. 

Full trøkk på Todalshytta – Todalshytta var fylt til siste stol med påskequiz-tilhengarar, og jammen vart det kamp om poengene utover kvelden. Etter 5. runde stod Markarampen att som klar vinnar. Foto Todalshytta.

Publisert: 8. april 2023, 01:20