Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Full trøkk med lokalmat og vårstemning

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. april 2025

Laurdag var det til tider vanskeleg å finne ledig plass på parkeringsplassen framfor butikken til Hageland og Byggmakker på Syltøran.  Handledagen med samarbeid med lokalprodusentane var ein formiddabel suksess som trekte folk frå både fjern og nær.  Hageland ligg no i startgropa for ein ny sesong, og både blomster, busker, trær og planter er på veg inn, og utvalet blir større dag for dag fram mot våren.

Mykje blomster og planter er alt på plass – nye kjem kvar dag no utover våren. Foto Jon Olav Ørsal

Både Hageland og Byggmakker har rydda både høgt og lågt, og saman med lokalprodusentane vart det stor breidde i utbudet.  Dei lokale produsentane som har vore representert med sine prodeukt er Vorpå, Lia Gard Brubekken Gardsmeieri, Todalshonning, Ketkom Sushi, Elin Bøklepp Kvande, Pestua Egg, Bele Jostua, Bjørn Sæterbø, Ingrid Kvendset  – og kanskje enda fleire.

Det var full trøkk hos butikkane på Syltøran utover laurdagen – til tidar var det vanskeleg å finne parkeringsplass. Foto Jon Olav Ørsal

Vi har laga eit lite bildegalleri frå dagens happening på Syltøran  –  alle foto Jon Olav Ørsal

Talgø Invest/Hageland er medlem i Todalen.no

Publisert: 5. april 2025, 17:13