Den nasjonale nærbutikkdagen vart skikkeleg markert laurdag – med full trøkk både på drivstoffpumpene, i kassa og ikkje minst i kaffekroken der det vart servert gratis kaffe og blautkake. Folk har både handla og kosa seg, og treft både naboen og folk som dei ikkje har treft før. Og sjølvsagt har nærbutikken vore tema – og kor stor betydning det har at vi har ein nærbutikk tilgjengeleg.
At vi fikk ein dag med 1990-talsprisar på drivstoff sette også fokus på kor stor betydning det har at du kan kjøpe drivstoff i bygda. Drivstoffprisane her konkurrerer faktisk med prisane i kommunesentret, og for eiga rekning går det vel an å seie at det går an å betale nokre lusne ører for å sleppe å kjøre 5-6 mil for å få fylt tanken. Det er faktisk så enkelt dette – både med nærbutikkar og drivstoffanlegg – at brukar du det ikkje, så blir det borte. Det gjeld i Todalen, i Stangvik og i Bøfjorden – akkurat på same måten, så her gjeld det å ta ansvar.