I dag var det full trøkk i Surnadal Alpinsenter, med konkurranse for både store og småe. Dyktige skirennarar hadde startnummer på brystet, og kjempa om pokalar og medaljer i løypene. Dag Skei satt «til rors» i anlegget i dag, og han kunne fortelje at det nok blir ekstra aktivitet i alpinbakken neste veke, når det er vinterferie og alpinanlegget er ope kvar dag frå kl 11 til kl 16.
Søndag var anlegget ope til og med heismast 11, men komande veke blir heisanlegget ope heilt til topps. Og etter siste snøfallet er det topp forhold i alpinanlegget seier Dag Skei. Skei skrytte av dugnadsgjengen som starta grytidleg i dag for å tråkke og preparere anlegget slik at det skulle være klart til åpninga i føremiddag.
Det er solgt bra med sesongkort gjennom sesongen, og vi reknar med å selge mange dagskort til tilreisande no i vinterferien. Vêrmessig er det litt varierte forhold utover veka – det er meldt ein del regn måndag, men betre på tysdag – vervarsel for Sæterlia finn du på linken her. Heimesida til alpinanlegget finn du her!