Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Full trøkk heile dagen…

Jon Olav Ørsal Laurdag 31. oktober 2015

– Vi har servert blautkake til langt over hundre og har hatt enda fleire kundar innom butikken i løpet av dagen, seier Terje Nordvik, som i dag serverte gratis kaffe og blautkake til alle som var innom butikken.  Han fortel at det har vore full trøkk og stor aktivitet i butikken gjennom heile dagen – ingen tvil om at bygdefolket tok hintet, og at mange fleire enn vanleg gjorde sin helgehandel hos oss i dag.

Den «lokale» handledagen hadde god oppslutning, men det bør nok ikkje bli med denne eine dagen.  Den bør kanskje være litt til ettertanke for ein og kvar, for dersom vi vil ha eit slik lokalt tilbud som den lokale butikken er, så må vi ta ansvar for å bruke den.

handledag00_3963

Matkroken Todalen markerte den lokale handledagen på laurdag. Foto: Jon Olav Ørsal

Matkroken Todalen er med i Merkurprogrammet. Det vil seie at det er ein sistebutikk og at butikken på spesielle vilkår kan få investeringsstøtte for å oppgradere butikken. På denne måten får butikken mulegheit for å ha moderne og bra kjøl- og fryseutstyr, og slik som i Todalen der det nyleg er ivestert i nytt drivstoffanlegg og naudstrømanlegg. Men til sjuande og sist kviler eit ansvar på oss som forbrukarar om å bruke nærbutikken, dersom den skal kunne overleve.

Bildeglimt frå den lokale handledagen på Matkroken Todalen i dag.  Alle foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 31. oktober 2015, 18:54